top of page

Tom Roger Aadland (født 26. april 1964 i Haugesund) er en norsk låtskrivertekstforfattervokalist og gitarist.
Han gav i 2007 ut sitt debutalbum Obviously Embraced, innspilt i Dublin med irske musikerere. I 2008 gjennomførte Tom Roger Aadland multimediaturneen Pictures In Rock i samarbeid med den irske rockefotografen Fin Costello.

 

2009 gav han ut sitt andre soloalbum Blod på spora – en nynorsk versjon av Bob Dylans klassiske album Blood on the Tracks fra 1975. Platen fikk gode kritikker, særlig ble de nynorske gjendiktningene av Dylans sangtekster trukket fram.
Sangen Vikla inn i blått ble av WiMP (nå Tidal) kåret til en av tidenes beste norske versjoner.

 

2011 gav Tom Roger Aadland ut sitt tredje album Det du aldri sa, en samling originallåter med nynorske tekster. Samme år var han bidragsyter til bokutgivelsen Bob Dylan. Mannen, myten og musikken (Dreyers forlag).

 

2012 kom albumet Fløyel og stål, som blant annet inneholdt den mye spilte radiolåten Min beste ven på ein dårleg dag.

​

I 2015 gav Aadland ut albumet Rapport frå eit grensehotell, som fikk gode kritikker, og som også inneholdt radiosingelen Like til mi dør. I 2015 gjendiktet Aaadland et trettitalls rockelåter av artister og band som Amy WinehouseNirvana og The Rolling Stones for Brageteatrets spektakulære teaterkonsert 27 – The Club.

 

I 2016 kom albumet Blondt i blondt – en nynorsk versjon av Bob Dylans mesterverk Blonde on Blonde fra 1966. Også denne utgivelsen fikk fine kritikker, og ble kåret til årets album av NRK P1 Norsk på norsk.

 

Tom Roger Aadland var tekstforfatter på Hellbillies’ album Søvnlaus, som kom ut i oktober 2016. I 2017 gav han ut singlene Sommaren utan ende og Vestland, Vestland.

I mars 2018 kom så albumet Songfugl, som inneholdt ti originallåter av Aadland og høstet gode anmeldelser.

I april 2018 kom singelen Sandharpesong, med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Tom Roger Aadland.Denne sangen var også med i sangboka Sandharpesongar (Gyldendal Norsk Forlag 2018), Fløgstads sanglyrikk samlet.

BLOD PÅ SPORA  (BLOOD ON THE TRACKS)

G_nøkkel_01.jpg

Lagnaden sin vri (Simple twist of faith)

Tekst & musikk: Bob Dylan
Norsk tekst: Tom Roger Aadland

 

Dei sat i parken, ho og han
Medan kveldsljoset på himmelen svann,
Ho såg på han og blikket brann gjennom marg og bein.
Då kjende han seg einsam, han skulle ha gått fri
Og akta seg for lagnaden sin vri.

​

Dei gjekk i lag der elva rann
Ho var litt ør, det same var han
Dei tok inn på eit hotell dei fann med eit skilt som lyste klart.
Natteheten trefte han hardt, som eit godslokomotiv
Drive fram av lagnaden sin vri.

​

Langt borte spelte ein fiolin
Ho gjekk langs arkaden, ung og fin.
Medan ljoset slo gjennom ei slitt gardin der han vakna opp,
Slapp ho pengar oppi koppen til ein blind mann ho gjekk forbi
Og gløymde alt om lagnaden sin vri.

​

Han vakna opp, ho var kje der
Det tomme rommet var alt som var.
Han sa han ikkje tok seg nær av at ho ville gå,
Det tomme som han kjende på fann han inga meining i,
Det kom på han med lagnaden sin vri.

​

Han høyrer tikkinga av klokker no
Og går med ein fugl som pratar nokre ord
Nede ved hamna finn han hennar spor, der seglskipa kjem inn.
Kan hende vel ho han igjen, kven veit når det vil bli
Han ventar på lagnaden sin vri.

​

Folk seier det er synd og skam
Å sleppe kjensler og draumar fram.
Eg trur framleis at me høyrde saman, men det er slik det går.
Ho vart fødd ein vår, men eg til galen tid
Legg all skuld på lagnaden sin vri.

Vikla inn i blått  (Tangled up in blue)

Tekst & musikk: Bob Dylan
Norsk tekst: Tom Roger Aadland

​

Tidlig ein morgon då sola skein Låg eg og undrast på
Om håret hennar enno var raudt,
Om der var endringar å sjå. 
Dei sa me ville angre på Den vegen som me tok
Dei likte aldri mor sin kjolesaum,
Far han hadde ikkje nok på bok.
Og eg stod der i vegkanten Og såg på at regnet fall
Eg hadde tenkt meg austover,
Eg har betalt for alt som eg har fått, Vikla inn i blått.

​

Ho var gift då me møttest først, Snart skulle ho bli fri
Eg hjelpte henne sikkert laus,
Men eg tok nok litt for hardt i.
Me køyrde bilen så langt me kom, Og sette han att langt vest
Skilde lag ein mørk, trist kveld
Samde om at det var best.
Ho snudde seg for å sjå etter meg Medan eg vandra bort.
Eg høyrde ho sei over skuldra mi,
«Me møtest att i ein port når ei tid er gått,» Vikla inn i blått.

​

Eg hadde jobb i skogen nordpå Arbeidde ei tid som kokk.
Men eg likte det aldri særleg godt
Og ein dag hadde eg fått nok.
Så dreiv eg sakte nedover Til eg kom til ein hamneby
Arbeidde ei stund på ein fiskebåt Som drog ut i morgongry.
Men fortida var hakk i hæl Ho gav meg aldri ro,
Eg trefte mange kvinner,
Men eg kunne ikkje gløyme ho som fekk meg brått Vikla inn i blått.

​

Ho arbeidde på ein topplaus bar Eg kom inn for ein tår,
Eg blei sitjande og stire på henne,
Andletet skein så klårt.
Og seinare då det stilna av Stilna det òg i meg.
Ho stod der attom stolen min
Og sa, «Kjenner eg ikkje deg?» Eg mumla noko ned i jakka mi,
Ho granska meg og lo.
Eg skal innrømme eg kjende meg litt utilpass
Då ho bøygde seg og batt skolissa mi godt Vikla inn i blått.

​

Ho tende ei pipe i omnen og baud meg på eit drag.
«Eg trudde kje du sku’ sei hei,» sa ho
«Du er visst av eit fåmælt slag»
Så opna ho ei bok med dikt Og la varsamt i mi hand
Skriven av ein diktar frå Italia Så trugen og sann.
Og orda glødde nett som kol Og gjorde meg så vel,
Det strøymde frå kvar side 
Som om det var i mi eiga sjel det skulle stått, Vikla inn i blått.

​

Eg budde hjå dei på Danmarksplass I ein kjellar ned ei trapp,
Lufta dirra av revolusjon,
Og poetane song om kapp.
Då byrja han med slavehandel Og noko i han fôr vill.
Ho måtte selje alt ho åtte Og inni fraus ho til.
Og då botnen fall ut heilt til slutt Trekte eg meg jamt,
Det einaste eg visste av
Var å halde fram med å halde fram, om det gjekk trått, Vikla inn i blått.

​

Så no dreg eg attende dit, Eg må nå ho på eit vis.
Alle dei som me kjende før
Er borte no, som i ein dis.
Nokon er professorar, Nokon skjer med kniv
Veit ikkje koss alt starta, Eg veit kje kva dei gjer med sine liv.
Men eg er enno undervegs Eg veit eg får kje fred.
Me kjende på det same,
Men var kje samde om det baud til medynk eller spott, Vikla inni blått.

BLONDT I BLONDT   (BLONDE ON BLONDE)

Eg vier tida mi  

​

English lyrics by Bob Dylan

Norwegian lyrics by Tom Roger Aadland

​

Frå tidleg om morgonen Til natta fell på
Går eg med skallebank Men det kan ingen sjå
Eg vier tida mi til deg
Håpar du finn ein veg

Vel, fanten fór opp På eit vis kom han ned
Først stal han jenta mi Så ville han stele meg
Men eg vier tida mi til deg
Håpar du finn ein veg

Vil du ikkje bli med meg? Me kan dra kor hen du vil
Og om det skjer seg Er du den første eg seier det til
For eg vier tida mi til deg
Håpar du finn ein veg

Vel, her er så innestengt g får ikkje luft
Alle er dratt utan deg og meg Og eg kan kje bli heilt til slutt
Eg vier tida mi til deg
Håpar du finn ein veg

Vel, dei sende ein sjukebil Det kom inn eit tips
Einkvan hadde hell med seg Men det var visst ein glipp
No vier eg tida mi til deg
Håpar du finn ein veg

Visjoner av Johanna  (Visions of Johanna)
 

English lyrics by Bob Dylan

Norwegian lyrics by Tom Roger Aadland

​

Er det ikkje nett likt natta å forføre deg, heilt utan nåde?
Me er akterutsegla her, sjølv om me blånektar på det
Og Lovise held ei handfull med regn, og skal få deg ifrå det
Lys blafrar frå loftsrommet svakt
Det surklar i røyr her ein stad
Lokalradioen spelar mjukt og vart
Men det finst kje noko der ein kan skru av
Lovise og typen står saman i smug
Og visjonar av Johanna erobrar min hug

Nedpå løkka der damene leikar blindebukk med nøkkelsnora
Og dei døgnville jentene kviskrar om sidesprang mellom spora
Kan me høyre vakta kneppe med lykta
Og spørje kven det er som ikkje er heilt jorda
Lovise, ho er berre nær
Ho kan minne om spegelen der
Men ho seier det litt for beintfram slik det er
At Johanna er kje her
Det elektriske skrømtet brølar mot kraniet krast
Der visjonar av Johanna no har teke min plass

Vel, gategut, han tek seg sjølv svært så høgtideleg
Han skryt av sitt elende, han trivst best på farefull veg
Og så nemner han henne
Og eit visst avskjedskyss ho gav meg
Han er sanneleg bitter som få, ubrukeleg, det er han òg
Han mumlar om at noko kom på mens eg er ute for å sjå
Koss kan eg forklare det?
Alt går i stå for meg, radt
Og visjonar av Johanna, dei heldt meg oppe i natt

Inni musea går saka om Alt utan ende
Eit ekko av røyster seier dette er frelsa, kan hende
Men Mona Lisa må ha vore heimsjuk
Du kan sjå det på smilet ho sende
Sjå koss veggpryden stivnar og frys
Medan dissande kvinnefjes nys
Høyr koss ho der med barten seier, "Gys
Tok nokon i hys?"
Å, juvelar og kikkertar dinglar frå muldyrets rygg
Men visjonar av Johanna, dei gjer det heile så stygt

Kramkaren seier til grevinna som lèt som ho tek vare på han
"Nemn meg ein som ikkje er ein snyltar, så skal eg la all tvil fare for han"
Men som Lovise plar seie
"Du toler ikkje mykje, mann, gjer du vel?"
Mens ho sjølv gjer seg klar for han
Og Madonna, ho er ikkje å sjå
Me ser eit tomt bur som rustar bort nå
Der ho dreiv sitt kostymetablå
Spelemannen, han skal til å gå
Han skriv alle har fått det dei skulle få
Bakpå bilen dei lastar fisken på
Mens mitt samvit forgår
Munnspela raslar som nøklar i regnet i natt
Og visjonar av Johanna er alt som er att

bottom of page